About this role
Har du lyst til å bli assisterande seksjonsleiar i eit spennande og engasjert fagmiljø ved ei av Noregs største lungeavdelingar?Lungeavdelinga post 1 har ledig 100% fast stilling som assisterande seksjonsleiar. Dette er stillinga for deg som vil starta på ei karriere som leiar. Tiltreding etter avtale.Som assisterande seksjonsleiar vil du saman med seksjonsleiar ha eit stor ansvar for den daglege drifta i avdelinga. Du vil ikkje ha personalansvar for dei tilsette, men skal i lag med seksjonsleiar sørgje for at drift, personal, økonomi og fag blir ivaretatt på ein god måte. Lungeavdelinga har 2 sengepostar. Lunge post 1 har totalt 16 sengeplassar fordelt på to team med 8 sengeplassar til respiratorisk overvakingseining (ROE) og 8 lungemedisinske senger- KOLS team . ROE skal vere leiande innan utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt. Sengeposten har tett samarbeid med dei andre kirurgiske og medisinske intensiv- og overvakingseiningene ved sjukehuset. KOLS-teamet har hovudfokus på pasientar med KOLS, astma og infeksjonssjukdomar. Lunge post 3 har 22 sengeplassar fordelt på to team. Eit team har hovudfokus på lungekreft og eit på infeksjonssjukdommar, tuberkulose og KOLS. Avdelinga har i tillegg ein poliklinikk med rehabiliteringseining, tuberkulosepoliklinikk, respirasjonsfysiologisk laboratorium og Senter for søvnmedisin.