About this role
Vil du vere med og bidra til læring, meistring og utvikling for ungdom?Hustadvika vidaregåande skole har ledig vikariat som lærar i engelsk og historie frå 01.01.27 og ut skoleåret. Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg lærar som ønskjer å skape gode læringsopplevingar og bidra til eit inkluderande læringsmiljø for elevane våre.Ved Hustadvika vidaregåande skole blir du ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider målretta for å gi elevane best mogleg opplæring. Vi legg vekt på samarbeid, relasjonsbygging og kontinuerleg utvikling av undervisningspraksisen vår.