About this role
Engelsvoll skule har ledig eit vikariat innan barne - og ungdomsarbeidarfaget ut skuleåret 26/27. Stillinga er ledig frå 01.11.26. Stillinga er delt mellom skule og SFO. Vi søker deg som er ein engasjert, tydeleg og omsorgsfull vaksen. Du har solid relasjonskompetanse, er inkluderandre og robust i møte med elevane, og trivst med arbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap. Kjernekomponentane våre mot 2028 er "den engasjerte eleven", utvikling av "det profesjonelle læringsfelleskapet" og "digitalisering". Vi tar del i Kleppskulen sitt satsingsområde Oracy, utviklar vårt eige skaparverkstad (maker space), tilbyr elevane våre ein hjernevennleg skulekvardag med leik og læring, og brukar Lesson study som metode. Engelsvoll skule er sentralt plassert nær togstasjonen Klepp stasjon. Det er ca. 10 minutt å gå frå togstasjonen opp til skulen. Skulen vår ligg nær Frøyandsvatnet med flotte natur- og aktivtetsområder, som skulen nyttar i ein aktiv og variert skulekvardag. Dette skuleåret har vi 160 elevar og 26 tilsette; lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, miljørettleiare og skuleleiing (rektor og to avdelingsleiarar). I tillegg har vi skulekonsulent, byggdriftar og helsesjukepleiar. Det er høg trivsel, solid og variert kompetanse blant dei tilsette, og vi håper at du vil vera med å bidra til det beste for elevar og kollegaer.