Now hiring

Vikariat som avdelingsleiar @ Nav

StraumeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og leie eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere ein forskjell i menneske sine liv? Brenn du for eit inkluderande arbeidsliv, relasjonsleiing og utvikling av menneske og tenester? Då kan du vere den nye vikarierende avdelingsleiaren vi ser etter til Nav Øygarden si avdeling Ung.Å få fleire unge i arbeid og utdanning er eit av Nav viktigaste samfunnsoppdrag og avdeling Ung har ansvar for å gje helskapeleg oppfølging til ungdom opptil 30 år.Som avdelingsleiar får du ansvar for 20 fagleg dyktige tilsette med tilsettingsforhold både i stat og kommune. Bemanninga består av både ungdomsrettleiarer og jobbspesialistar. Stillinga er mellombels med oppstart snarast og varigheit fram til 30.06.27. Det kan bli moglegheit for forlenging av vikariatet.Vi ser etter ein leiar som skaper tillit, gode relasjonar og engasjement, og som er god på samarbeid. Det krev stor grad av fleksibilitet, fokus på utviklingsarbeid, prosess- og kompetanseleiing. Vi er ein arbeidsplass som stadig utviklar oss, og du må trivast med å leie ei verksemd der omstillingstakta er høg.Nav Øygarden har flotte kontorlokale sentralt plassert på Straume, og er ein aktivitetsbasert arbeidsplass. Vi er eit kontor med 4 avdelingar, og heile kontoret består av kring 80 tilsette.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores