About this role
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland, med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 48 tilsette, fordelt på fire avdelingar; partnarskap og kommunikasjon, HR og organisasjon, fag og tenester og økonomi og analyse. I dei ni regionane ligg det 34 Nav-kontor som alle er bygde på eit likeverdig partnarskap mellom stat og kommune. Målet vårt er å hjelpe folk i arbeid, bidra til inkludering og aktiv deltaking i samfunnet, og sikre sosial og økonomisk tryggleik for den enkelte. Mange av innbyggjarane vi møter har behov for støtte på fleire livsområde, noko som krev tett samarbeid mellom statlege og kommunale tenester.Vi søkjer no ein seniorrådgivar som skal vere leiarstøtte for fylkesdirektøren i Nav Vestland.Om stillinga Stillinga skal vere ein sentral leiarstøtte for fylkesdirektøren og bidra til god oversikt, framdrift og oppfølging av prioriterte oppgåver. Du vil ha ei viktig rolle i å koordinere saker, følgje opp vedtak og fristar, planleggje møte og sikre at viktige prosessar blir gjennomførte og følgde opp. Rolla omfattar både praktisk tilrettelegging og sjølvstendig koordinering av oppgåver på tvers av organisasjonen. Du vil arbeide tett med fylkesdirektøren og vere eit viktig kontaktpunkt både internt og eksternt.Vi ser etter deg som trivst med å skape struktur, halde oversikt over mange parallelle aktivitetar og bidra til at prioriterte saker blir følgde opp på ein god måte. Du må kunne forstå samanhengar, handtere komplekse problemstillingar og vere trygg i samarbeidet med leiarar og ulike fagmiljø. Dette er ei rolle for deg som trivst med å få ting til å fungere, skape framdrift og vere ein viktig støtte for leiinga i ein organisasjon med eit breitt samfunnsoppdrag. Arbeidsstad er fylkeskontoret i Bergen.