Now hiring

Vil du hjelpe menneske med helseutfordringar vidare mot arbeid og utdanning? @ Nav

IsdalstøOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I Nav Nordhordland møter du engasjerte fagfolk som trur på at arbeid kan vere ein viktig veg til meistring, inkludering og betre livskvalitet. Kvar dag arbeider vi for at fleire menneske skal få moglegheit til å delta i arbeidslivet og samfunnet. No søkjer vi ein rådgjevar som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte på vegen mot arbeid og utdanning. Om stillingaSom rådgjevar hos oss arbeider du med arbeidsretta oppfølging av personar som har helseutfordringar. Du følgjer opp brukarar både digitalt og fysisk, jobbar systematisk mot arbeid eller utdanning og samarbeider tett med arbeidsgivarar, helseaktørar og andre samarbeidspartnarar. Stillinga inneber også saksbehandling etter relevant lovverk. Stillinga har ansvar for oppfølging av brukarar i heile regionen. Primær arbeidsstad er Nav Alver i Knarvik, men det må også påreknast arbeidsdagar ved Nav Fensfjorden og Nav Osterøy. Kvifor jobbe hos oss?Nav Alver er eit utviklingsorientert kontor med 80 medarbeidarar i fire fagavdelingar. Hos oss møter du engasjerte kollegaer som deler kompetanse, samarbeider tett på tvers av fagområde og er opptekne av å finne gode løysingar for innbyggjarane våre. Lokala våre i Knarvik senter er lyse og trivelege, og legg til rette for ein variert arbeidskvardag i møte med menneske med ulike behov og bakgrunnar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores