About this role
Vi søker ny avdelingsjordmor ved barsel sør. Dette er ein sengepost for kvinner som har født, ofte med keisersnitt eller med kompliserande sjukdomar. Barn som er fødde litt før termin kan òg ligge her, og nokre får sondemat. Barselpoliklinikken for barn som må få målt bilirubin, tatt ekstra hørsessjekk eller liknande høyrer òg til denne barselavdelinga. Avdelinga har 15 senger og deler ring på Ullandhaug med gynekologisk sengetun. Som avdelingsjordmor har du direkte leiaransvar for jordmødre og barnepleiarar. Jordmødre ved SUS rullerer mellom avdelingene. Barsel er ei viktig tid for den nye familien, og det er viktig at du har interesse for dette særlege fagfeltet. Det er tett samarbeid og deling av personale på dagleg basis med dei andre avdelingene. Dei andre avdelingene er hhv fødeloftet (i samme etasje), observasjonspost for gravide og barselkvinner, og fødeavdelinga - desse to siste i etasjen under. Det er òg godt samarbeid med gynekologisk sengetun. Svangerskap og barselomsorg er eit delt ansvar mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta - du vil inngå i team både innad på sjukehuset og ut mot kommunen. Arbeidsstad er SUS Ullandhaug. Avdelingssjef er næraste leiar, og du inngår i leiargruppa ved kvinneklinikken.Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedlegges søknaden.