Now hiring

Leiar med hjarte for menneske og blikk for utvikling? @ Klepp kommune, Barneverntenesta

KLEPPEOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I Klepp kommune arbeider me kvar dag for at barn og unge skal oppleva tryggleik, meistring og gode oppvekstvilkår. No søkjer me ein leiar som vil vera med å forma framtidas barnevern saman med dyktige medarbeidarar og sterke samarbeidspartnarar.Me ser etter deg som veit at gode resultat blir skapte gjennom menneske. Du byggjer relasjonar, skapar tillit og får folk til å veksa. Samstundes er du fagleg trygg, strukturert og oppteken av kvalitet i arbeidet.Dette er ei stilling for deg som ønskjer å utvikla, utfordra og skapa.Kvifor Klepp?Fordi du får høve til å leia ein teneste med stor betydning for mange menneske.Fordi du får arbeida saman med kompetente og engasjerte kollegaer.Her får du vera med på noko større enn deg sjølv - bidra i samhandling med andre til å gjera Klepp til ein kommune kor det er godt å veksa opp.Bli med og skap gode oppvekstvilkår i Klepp kommune!Me trur på krafta i gode relasjonar - gjer du det same, håpar me å høyra frå deg. Søk i dag, og bli med på laget!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores