Now hiring

100% fast stilling som helsefagarbeidar @ ÅSERAL KOMMUNE - SFO

NO092, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli ein del av vårt flotte team? Eining for omsorg har ledig ei 100% fast stilling for helsefagarbeidar. Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen og består av Åseralsheimen og heimetenesta. Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg. Her har vi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling, 13 omsorgsbustadar kor 5 av desse er på skjerma avdeling for demente. Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen. Det er tett samarbeid mellom Åseralsheimen og heimetenesta. Stillinga høyrar hovudsakleg til inne på Åseralsheimen, men dette behovet kan bli endra. For tida er det tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg. Arbeidsoppgaver Eininga arbeidar for at både pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og at vi leverarar tenester av høg kvalitet tilpassa den einskilde sitt behov. Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, og tenester som er tilpassa kvar enkelt. Arbeids og ansvarsområde er mellom anna: Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar Sørgje for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Profil Halde seg fagleg oppdatert Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane Kvalifikasjoner Fagbrev som helsefagarbeidar eller liknande fagbrev Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Søkjar må ha førarkort klasse B Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar) Personlige egenskaper Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team Punktleg og strukturert God kjennskap til bruk av IKT Fleksibel og positiv Glad i utfordringar Evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ Interessert i å arbeide med eldre menneske Personlege eigenskaper vert vektlagt Vi tilbyr Løn etter lov og avtaleverk Gode permisjons- og pensjonsvilkår Støtte til kompetanseheving Variert og meiningsfull arbeidshverdag Godt fag- og arbeidsmiljø Opplæring og rettleiing med mentor Hjelp til å finne bustad Gratis SFO Barnehageplass i kommunen Sjekk ut korleis det er å bu og jobbe i Åseral: https://xn--flytttilseral-wfb.no/ Kontaktinformasjon Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, [email protected] Arbeidssted Bordalsbakken 10 4540 Åseral Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Åseral kommune Referansenr.: 5182658364 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026 Om arbeidsgiveren: Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé. I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores