Now hiring

Vil du vere med og gjere ein forskjell? @ SULDAL BU- OG AKTIVITETSTILTAK DAGSENTER DALANE

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Saman skaper me gode dagar i Suldal bu- og aktivitet Me søkjer etter ein engasjert og fagleg trygg medarbeidar til eit 100 % vikariat frå snarast og til 31.07.2027. Me ønskjer primært å tilsetje vernepleiar/sjukepleiar, men oppmodar også helsefagarbeidarar til å søkje. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø som kvar dag arbeider for å skape trivsel, meistring og gode opplevingar for menneske med behov for støtte og oppfølging i kvardagen. Me legg vekt på brukarmedverknad, relasjonsbygging og ei aktiv tilnærming til kvardagsmeistring. Arbeidsoppgåver Målretta miljøarbeid og oppfølging av tenestemottakarar Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre faginstansar Dokumentasjon og fagleg oppfølging Bidra til aktivitet, meistring og gode opplevingar i kvardagen Me ser etter deg som Er vernepleiar med norsk autorisasjon, eller har annan relevant helse- og sosialfagleg utdanning Er fagleg engasjert og utviklingsorientert Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med andre Er sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Me tilbyr Ei meiningsfull og variert stilling Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer Moglegheit til å vere med og utvikle tenestene Fagleg støtte og rettleiing Løn etter gjeldande avtaleverk Vil du vere med og skape gode dagar saman med oss? Då håpar me å høyre frå deg! For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Suldal Bu og Aktivitet. Anne Egebjerg - einingsleiar, tel. 91157290 Karoline H Nordmark - avdelingsleiar, tel. 45297073 Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Suldal bu- og aktivitet yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Eininga består av bustadane Øvre- og Nedre Dalane, Kyrkjevegen, Suldal dagsenter (dagtilbod) og avlastinga (for born og ungdom under 18 år).

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores