Now hiring

Helsefagarbeidar i heimetenesta, sone Sogndal @ SOGNDAL HELSE OG OMSORGSSENTER

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Me har ledige stillingar som helsefagarbeidar i heimetenesta, og håpar du vil bli vår nye kollega! Me har følgjande stillingar ledig: 100 % fast helsefagarbeidar 50% fast helsefagarbeidar Som helsefagarbeidar i heimetenesta blir du ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver. Me er oppteken av å gi tilsette eit godt møte med tenesta og god opplæring før ein går sjølvstendig i oppgåvene sine. Dei som vert tilsett får eit opplæringsløp tilrettelagt for den enkelte. Arbeidstid : 3-delt turnus Moglegheit for arbeid 3.kvar helg eller langvakter 4. kvar helg Fleksible turnusløysingar og årsturnus Arbeidsoppgåver : Utføre heilheitleg pleie, omsorg og behandling Observasjon, oppfølging og kartlegging av pasientar sine behov og funksjon Legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer Dokumentasjon i elektronisk journalsystem Rettleiing av lærlingar, studentar og nytilsette Bidra til kvalitetsforbetring og fagutvikling Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid Samarbeide tett med sjukepleiarar, legar, terapeutar for å sikre gode og helheitlege pasientforløp Kvalifikasjonar : Godkjent helsefagarbeidar med norsk autorisasjon Ønskjeleg med relevant erfaring i kommunehelseteneste Må beherske norsk, skriftleg og munnleg Førarkort klasse B Personlege eigenskapar: Er løysingsorientert og positiv Er fagleg sterk og trygg i rolla som helsefagarbeidar – også trygg på å seie i frå om når ein treng meir opplæring Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Taklar ein uforutsett og variert arbeidskvardag Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosessar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Me tilbyr: Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar Gode velferdsordningar Sterkt fagleg miljø, med eigen fagsjukepleiar og godt samarbeid med andre tenester i kommunen Løn etter tariff Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsette får ei prøvetid på seks månader. Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores