Now hiring

Jordmor @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kvinneklinikken søker etter jordmødre som ønsker å jobbe hos oss. Litt om Fødeavdelinga: Kvinneklinikken har tre fødeeiningar: Føde A/B, Føde C og Føde D Storken. Føde A/B har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er også ei kombinert lavrisiko føde-barseleining. Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar. Der er òg barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst. Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønsker å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søker etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er tett samarbeid mellom alle seksjonane i Fødeavdelinga. Stillinga er ved Fødeavdelinga, det er ledig 4 faste 100% stillingar i 3 delt turnus. Aktuelle kandidatar må kunne jobbe 3 delt turnus. Vi søker etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga på Fødeavdelinga. Du er ansvarleg, løysingsorientert og bidrar med din veremåte til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid. Arbeidsoppgåver Jordmorfagleg ansvar for gravide, fødande og barselkvinner Rettleiing av "nybakte foreldre" Rettleiing av jordmorstudentar, sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden På fødeavdelinga er vi avhengige av jordmødrer med ulik kompetanse, vi har ansvarsvakter på alle skift. Dette er ei viktig rolle og ein viktig del av arbeidet, og vil inngå i arbeidsoppgåvene når ein har fått erfaring og kompetanse til dette Kvalifikasjonar Jordmorutdanning med norsk autorisasjon Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office) Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå er ein fordel Erfaring med elektronisk fosterovervaking (STAN-sertifisert) Personlege eigenskapar Pasientorientert Ansvarsbevisst Gode kommunikasjonseevner Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver Ha respekt for kvar enkelt pasient Vere ein god teamarbeidar Må trivast i eit aktivt og travelt miljø Fleksibel Tole endring Tilpassingsdyktig Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Fagleg og personleg utvikling Det vil bli turnusarbeid, med 3-delt turnus. Arbeid i snitt kvar 3. helg. Haukeland sjukehus har tilbod om barnehage for tilsette Bedriftsidrettslag Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKari Aarø, Seksjonsleiar, 41701662 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5183898927 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 05.10.2026 Søknadsfrist: 18.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores