About this role
Er du omsorgsfull, pålitelig og trivst med å hjelpe andre i kvardagen? I Heimetenestene har vi no ledig 100 % fast stilling som heimehjelp, med arbeid 3. kvar helg. Vi ser etter deg som er ansvarsbevisst, arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre, og som møter brukarane med respekt og engasjement. Hos oss vil du bli ein viktig del av eit tverrfagleg team som arbeider for at innbyggarar skal kunne bu heime lengst mogleg. Heimetenestene held til i nye, moderne lokale saman med lege- og psykiatritenester, noko som legg til rette for tett samarbeid og fagleg utvikling. Bli ein del av vårt team! Arbeidsoppgåver Bistand til personlig hjelp, reinhald, klesvask ,handling og tilrettelegge for struktur i heim Andre relevante oppgaver knytta til lettere pleie og omsorg Kvalifikasjonar Du må ha gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg, minimum nivå B1 Du må ha førerkort kl B. Ved behov, må du kunne nytte eigen bil i tenesta Du må ha gode digitale ferdigheter Personlege eigenskapar Pålitelig og ansvarsbevisst Engasjert og positiv person med særleg interesse for eldreomsorg Viser engasjement og tek initiativ Evne til å samarbeide og arbeide sjølvstendig Gode kommunikasjonsferdigheitar Omstillingsdyktig Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr God tilpassa opplæring Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Løn etter tariff Obligatorisk tenestepensjonsordning Gunstige låne- og forsikringsordningar Godt arbeidsmiljø Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd KontaktinformasjonAnne Britt Kurseth, Avdelingsleiar HBO, 48123591, [email protected] ArbeidsstadAuregata 19 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5184048834 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.10.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her !