About this role
Sauda kommune har ledig fast 100% stilling som lærar ved Sauda ungdomsskule frå 01.01.2027. Vi søkjer fagleg engasjert og motivert lærarar som vil bidra aktivt i det profesjonelle læringsfellesskapet og medverke til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø. Sauda ungdomsskule har 177 elevar Arbeidsoppgåver Undervisning i ulike fag på ulike trinn Bidra aktivt i skulen sitt kollektive kompetanseutviklingsarbeid Samarbeid med føresette, kollegaer og eksterne partnarar Kvalifikasjonar Godkjent utdanning for å bli tilsett i lærarstilling Relevant kompetanse i undervisningsfag Det er ulike behov for undervisningskompetanse, aktuell undervisningskompetanse kan vere: norsk, matematikk, engelsk, spansk, tysk. Andre fag kan også vere aktuelle. Gode digitale dugleikar - me nyttar læringsbrett i opplæringa God norskkunskapar, munnleg og skriftleg Me søkjer etter deg som Byggjer gode relasjonar og skapar eit trygt og godt klassemiljø Motiverer for læring gjennom variert og praktisk undervisning Er tydeleg, positiv og utviklingsorientert Har ambisjonar på vegner av alle elevane Brukar teknologi i undervisninga Samarbeider godt med elevar, føresette og kollegaer Bidreg aktivit til skulen si utvikling Personlige dugleikar vil bli vektlagt. Me kan tilby Rettleiing for nyutdanna lærarar Ein spanande og variert jobb Pensjonsordning i SPK Gode forsikringsordningar Tilsettingsvilkår Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga. Søknad sendes Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til [email protected]. Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jfr. offentlighetsloven §25. Velkommen som søkjar! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4600 innbyggarar. Historisk er Sauda mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men me har nå eit variert og innhaldsrikt næringsliv. Sauda er ein kompakt småby med nærleik til "alt". Me har jobbmogligheiter, tomter, servicefunksjonar, gode skular, rikeleg med barnehageplassar og er omgjeven av fantastisk natur.