About this role
Haram bustader 2, Avdeling Solbakken bukollektiv på Vatne, har ledig stilling som helsefagarbeidar i 51,29% stilling. Stillinga består for tida av dag- og kveldsvakter, samt langvakter med arbeid kvar 4. helg. Tenesteområdet Haram butenester består av tre avdelingar: Haram bustader 1, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for tenestemottakarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Målretta miljøarbeid. Medikamenthandtering. Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome tenestemottakarane sine behov og ynskje. Bruk av hjelpemiddel dersom tenestemottakarane har behov for dette. Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar. Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk. Halde deg fagleg oppdatert. Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov. Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå. Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeider. Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team. Kjennskap til bruk av digitale system, og dokumentasjon. Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming. Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg. Førarkort kl. B. Krav om politiattest. Personlege eigenskapar Du har interesse for fagutvikling. Du er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd. Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande. Du er en aktiv bidragsyter til et godt arbeidsmiljø. Du evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling. Rom for å vere kreativ. Løn etter gjeldande tariffavtale. KontaktinformasjonBeate Håholm Dahl, Avdelingsleiar Haram bustader 2 og Solbakken bukollektiv, 90016534, [email protected] Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, [email protected] ArbeidsstadUlvestadvegen 6 6265 Vatne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5136268349 Stillingsprosent: 51,29% Fast Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 07.10.2026 Om arbeidsgiveren: Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen. Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.