Now hiring

Fagarbeidar/assistent med ukrainskspråkleg kompetanse @ SURNADAL VIDAREGÅANDE SKULE

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Surnadal vgs søkjar tospråkleg fagarbeidar/assistent i 89% prosjektstilling med urkainskspråkleg kompetanse skoleåret 26-27 og 27-28. Arbeidstiden følger pr. tiden skoleruten. Vil du bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar lykkast i overgangen frå skole til arbeidsliv? Stillinga er knytt til eit toårig prosjekt, «Tospråkleg fagopplæring for betre overgang til læreplass i bygg- og anleggsteknikk», der målet er å styrke oppfølginga av minoritetsspråklege elevar gjennom heile opplæringsløpet. Prosjektet skal bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar fullfører vidaregåande opplæring og får læreplass. Surnadal vidaregåande skole er ein kombinert skole. Skolen ligg i Surnadal kommune på Indre Nordmøre og har omlag 200 elevar og 40 tilsette. Skolen har 5 utdanningsprogram: Helse- og oppvekstfag Elektro og datateknologi Teknologi- og industrifag Bygg- og anleggsteknikk Studiespesialisering Arbeidsoppgåver Følgje opp minoritetsspråklege elevar i opplæringa, fortrinnsvis på bygg- og anleggsteknikk. Gi språkstøtte knytt til opplæringa. Vere bindeledd mellom elev, skole, heim og bedrift. Følgje opp elevar i samband med praksisperiodar i bedrift. Bidra til kommunikasjon og forståing mellom elevar, skolen og bedrifter. Støtte elevane i utvikling av fagleg språk og forståing av krav og forventningar i arbeidslivet. Delta i samarbeid med lærarar, rådgivarar og næringsliv. Medverke til utvikling og utprøving av nye arbeidsmåtar for språkstøtte i fagopplæringa. Kvalifikasjonar Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i ukrainsk og norsk. Det er ønskjeleg at søkjar har fagbrev innan bygg- og anleggsteknikk eller anna relevant yrkesfagleg utdanning, men vi oppfordrar også andre til å søkje. Erfaring frå arbeid med ungdom, opplæring eller rettleiing er ein fordel. Kjennskap til norsk arbeidsliv og læreordninga er ein fordel. Relevant yrkesfagleg bakgrunn er ein fordel. Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er trygg i møte med ungdom er sjølvstendig og strukturert har evne til å bygge gode relasjonar er løysingsorientert og fleksibel har tru på at alle elevar kan lykkast med rett støtte Vi tilbyr Ei meiningsfull stilling som bidreg til inkludering og gjennomføring i vidaregåande opplæring. Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø. Moglegheit til å vere med på å utvikle ein ny modell for språkstøtte i fagopplæringa. Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk. KontaktinformasjonHilde Andersen, Rektor, +47 99637279 Arbeidsstad Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5181757466 Stillingsprosent: 89% Engasjement Startdato: 12.10.2026 Sluttdato: 30.06.2028 Søknadsfrist: 11.10.2026 Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Om skolen (surnadal.vgs.no) Skolen ligg fint til på Øye i Surnadal omlag 1 km frå kommunesenteret Skei. Surnadal vidaregåande skole er ein kombinert skole med både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skolen har nyrestaurerte lokale med idrettshall, kunstgrasbane og friluftsområde like ved.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores