Now hiring

Rekrutteringssak - Helsefagarbeidar 2 x 100 % vikariat Bu- og habiitering @ KVINNHERAD KOMMUNE BU OG HABILITERING ROSENDAL

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bu- og habilitering nord og sør er to einingar i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv. Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter. Omtale av stillingane 2 stk. vikariat på 100 % som helsefagarbeidar ved Bu- og habiitering frå d.d. til ut april-27. Arbeidsstad bufelleskap i Rosendal. Arbeidstida på vikariat nr. 1 er turnusarbeid med ordinære vakter i vekene og 4. kvar helg (14 t.) Arbeidstida på vikariat nr. 2 er turnusarbeid med lange vakter (12,5 t.) og arbeid 3. kvar helg. Dersom det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetta i desse stillingane i same søkjarmasse. Vi søkjer Etter personar med norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Kvalifikasjonar Ha gode kommunikasjonsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø God munnleg og skriftleg norsk framstilling Kunna takla utfordrande adferd. Ha sertifikat til bil Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning. Personlege eigenskaper Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må vere fleksibel og løysningsorientert. Ansvarsfull og nøyaktig Sjølvstendig Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilbyr Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. Ingen eigendomsskat pr. idag for hus , hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet . Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores