About this role
Er du vår nye rektor ved Oppstryn skule og barnehage ? Vi søkjer ein leiar som ønskjer å vidareutvikle eit samla oppvekstsenter med fokus på læring, inkludering og samarbeid saman med tilsette, føresette og lokalsamfunnet. Oppstryn skule og barnehage er samlokalisert som oppvekstsenter med 1-7 skule med skulefritidsordning / SFO og barnehage. Oppvekstsenteret ligg på Hjelle i Oppstryn i Stryn kommune og er samlokalisert. Bygget er av god stad, har vore jamnleg vedlikeholdt og modernifisert. Oppvekstsenteret ligg flott plassert med nydeleg utsikt mot Oppstrynsvatnet og ved sidan av idrettsbana og ballbingen i Oppstryn. Skulen har i dag 24 elevar og det er knytt omlag 5 årsverk fordelt på 7 tilsette i skule og SFO. Barnehagen har ei aldersblanda avdeling med 15 born og det er omlag 5 årsverk fordelt på 6 tilsette. Samlokaliseringa gir gode moglegheiter for heilskapleg arbeid med overgangar og oppvekstløpet for barn og elevar. Oppstryn byr på unike moglegheiter for friluftsliv, aktivt bygdemiljø og gode oppvekst vilkår. Oppvekstsentert ligg nær turområde og areal godt eigna for uteskule, bålbrenning og anna uteaktivitet. Arbeidsoppgåver Rektor har det faglege og administrative ansvaret for skule, SFO og barnehagen. I rektorstillinga ligg det ein undervisningsdel. I det administrative ansvaret ligg ansvar for økonomi og personalansvar for alle tilsette. Rektor må leie og motivere dei tilsette i sitt daglege arbeid og har ansvar for at skulen og barnehagen blir driven i samsvar med politiske føringar og gjeldande lovverk. Kvalifikasjonar Krav om høgare skulefagleg pedagogisk utdanning og praksis innan skule. Administrativ leiarutdanning, gjerne rektorutdanning og/eller leiarerfaring vert føretrekt IKT kompetanse Personlege eigenskapar Evne til å inspirere og motivere gjennom si leiing slik at oppvekstsenteret kan løyse oppgåvene sine Erfaring frå anna leiing og utviklingsarbeid i oppvekstsektoren vil vere ein fordel Gode samarbeidsevner Ryddig og påliteleg Du er effektiv, strukturert og har evne til å gjere sjølvstendige vurderingar Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen Vi tilbyr God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement Løn etter avtale Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune Kontaktinformasjon Ingrid Sylvia Renberg, Kommunalsjef oppvekst , 95161165 Arbeidsstad 6798 Hjelledalen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5175002206 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026 Om arbeidsgiveren: Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane. Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn