About this role
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 790 medarbeidarar. Hospitaldrift Sikkerheit er ei av einingane i Hospitaldrift og har 3 seksjonar; seksjon for sikkerheit, seksjon for resepsjon og seksjon for parkering. Eininga har totalt 33 stillingar, og er offentleg godkjend for å drive vaktverksemd. Vi søker etter vektar som tilkallingsvikar. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Hospitaldrift, seksjon for sikkerheit. Vi ser etter deg som har vektarutdanning og gjerne erfaring innan fagområdet. Du trivst med utfordringar, er fleksibel, fagleg dyktig samt likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar. Arbeidsoppgåver Rutinekontrollar av sjukehuset sine bygg og eigedommar Utrykkingsteneste på ulike alarmar som innbrot, brann, teknisk og utagerande pasientar Fastvakt på utagerande pasientar Resepsjonsteneste HLO tjeneste Kvalifikasjonar Søkar må ha førarkort kl B God vandel (det vil bli krav om uttømmande politiattest før tilsetting) Fagbrev i sikkerheitsfaget eller godkjend vektarkurs Teknisk innsikt og grunnleggande datakunnskapar Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg Erfaring frå vektaryrket er ein fordel Må kunne klareres til utvida adgangsklarering Personlege eigenskapar Du er ærleg og lojal Du er serviceinnstilt Du har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team Du har evne til å jobbe sjølvstendig Du har høg grad av ansvarsfølelse og personleg initativ Du har evne til å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø Du har evne til å halde hovudet kaldt og opptre roleg og beherska i utfordrande situasjonar Du er i god fysisk form då arbeidet til tider kan vere fysisk krevande Vi tilbyr Ein utfordrande jobb i eit godt fagleg miljø med hyggelege kollegaer God opplæring Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonShahid Jawaid Bajwa, Driftskoordinator Sikkerheit, 95857392, [email protected] Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5185048530 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 04.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.