Now hiring

Lærarstillingar - vikariat @ GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKST STAB

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi treng vikarar i skulane våre. Det gjeld både tilkallingsvikariat og lenger oppdrag. Vi treng deg som har pedagogisk kompetanse til å vere vikar i skulane våre. Om du har eit anna yrke no, som lar seg kombinere med lærarjobb framover, så ta kontakt og søk. Fast stilling kan verte vurdert. Dei konkrete behova no er: Sandane skule - vikariat 100% stilling, inntil 3 månader frå slutten av november. Grunnskulelærarkompetanse er ynskjeleg. Gloppen ungdomsskule - vikariat inntil 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjelege fag er norsk, matematikk, kroppsøving, tysk, kunst og handverk og naturfag. Breim skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Fordel med erfaring frå 1.-4. klasse og kompetanse i lese- og skriveopplæring og engelsk Nordstranda skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjeleg med faga matematikk, kroppsøving og spes.ped. Kontaktlærar. Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og grunnskuleopplæring for vaksne. Skulane jobbar tett i lag med å skape Gloppenskulen med fokus på fagleg utvikling og eit godt og inkluderande skulemiljø. Kommunen nyttar samhandlingsmodellen Betre Tverrrfagleg insats (BTI) og prioriterar inkluderande barnehage- og skulemiljø. Administrasjonsmålet er nynorsk. Arbeidsoppgåver undervisning i grunnskulen aktuelt med kontaktlærar for nokre av stillingane Kvalifikasjonar pedagogisk kompetanse, men andre kan bli vurderte gjerne undervisningserfaring spesialpedagogisk kompetanse kompetanse eller erfaring innan miljøarbeid god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål Personlege eigenskapar gode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematisk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Det må foreligge tilfredsstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonGro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, 90619713 Elisabeth Sunde Andenæs, Rektor Nordstranda skule, 95869279 Ragnhild Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 41803716 Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 91331262 Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5184545347 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 15.10.2026 Om arbeidsgiveren: Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper. Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores