About this role
Vil du vere med på laget vårt? Vi har no ei ledig stilling i seksjonen vår. Vikariatet er på seks månader, med moglegheit for forlenging i inntil eitt år. Vi søkjer ein kollega som er interessert i og engasjert for pasientar med psykiske lidingar. Stillinga er knytt til eitt av allmennteama våre. Teamet tilbyr utgreiing og behandling for eit breitt spekter av psykiske lidingar hos pasientar med rett til behandling i spesialisthelsetenesta. I tillegg til å arbeide i eit tverrfagleg samansett team, vil du få moglegheit til å knyte deg til ulike kompetansegrupper innan traume, nevropsykologi, eteforstyrringar og personlegdomsforstyrringar. Stillinga vil òg vere knytt til oppstart av eit tilbod om e-behandling ved poliklinikken. Klinikk for psykisk helse og rus består av fem avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde høyrer til Avdeling for distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er organisert i fleire team: to allmennteam, gruppeteam, ROP-team, fylkesdekkjande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit firedagarsteam (B4DT), ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team. Poliklinikken har over 50 fagstillingar, mellom anna overlegar i psykiatri, legar i spesialisering, psykologspesialistar, psykologar, spesialergoterapeutar, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar. Vi legg stor vekt på teamarbeid, godt samarbeid og god kollegastøtte. Dersom du har spørsmål om stillinga eller dei ulike teama, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar. Arbeidsoppgåver Diagnostisk utgreiing Psykoterapeutisk behandling Målretta internt og eksternt tverrfagleg samarbeid Rettleiing og undervisning Delta i utviklingsarbeid og planlegging Kvalifikasjonar Autorisasjon som psykolog i Noreg Må meistre norsk munnleg og skriftleg Erfaring frå lignande arbeid i psykisk helsevern er ein stor fordel Personlege eigenskapar Du har gode samarbeidsevner, då det meste av arbeidet vert utført saman med andre team-medarbeidarar Du trivst med arbeid i team, men må også ha evne til å arbeide sjølvstendig Du kommuniserer godt både internt og eksternt Du er fleksibel, løysningsorientert og ansvarsbevisst Du har stor arbeidskapasitet og trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo Personlege eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Ein inkluderande arbeidsplass Rekrutteringstillegg for psykologar og psykologspesialistar Tilrettelegging for spesialisering og fagleg utvikling Moglegheit å nytte ei spesifikk tilnærming i behandlinga Deltaking i relevante kompetansegrupper i seksjonen med fokus på drøfting og fagutvikling Sterkt tverrfagleg samarbeid Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonTonje Sæter, Seksjonsleiar, [email protected] Maria Oppigård Nilssen, Ass.seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstedNøisomhedvegen 12 6416 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5178376973 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 09.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal