About this role
Om stillinga Sveio barnehage har ledig ei 100 % fast stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar frå 04.01.2027. Barnehagen er kommunal og ligg sentralt til, med kort veg til skog, hei, vatn, bibliotek, skule, symjehall, idrettsanlegg, kjøpesenter og Salamanderparken. Vi har tre avdelingar med om lag 49 barn i alderen 1–6 år. Visjonen vår er: «Robuste barn meistrar livet.» Vi legg vekt på natur, berekraft og kosthald. Personalet er aktivt og engasjert, og har høg kompetanse og lang erfaring. Vi samarbeider med Høgskulen på Vestlandet, vidaregåande skule og ungdomsskulen, og tek jamleg imot studentar og elevar. Språk er eit av satsingsområda våre, og vi arbeider målretta og systematisk med språkstimulering i kvardagen. Arbeidsoppgåver setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn planlegge, gjennomføre og dokumentere aktivitetar vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa planlegge pedagogiske aktiviteter som fremjer barnas læring og utvikling sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet utvikle og implementere det som kommunen og barnehagen til ei kvar tid har som tema og satsingsområde i samarbeid med styrar/einingsleiar rettleie personalet for å få ei pedagogisk heilhetlig forståing i personalgruppa godt foreldresamarbeid tverrfagleg samarbeid, prosjektarbeid og utviklingsarbeid du får det pedagogiske ansvaret på avdelingen eller i barnehagen Kvalifikasjonar godkjend treårig barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning som kvalifiserer til arbeid som pedagog i barnehage norsk er arbeidsspråket i barnehagen, og du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar det er krav om tilfredsstillande politiattest, jf. barnehagelova § 30 Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på. Korleis du er som person er det viktigaste for oss. Du skal inn i ei personalgruppe som vil kvarandre vel og som samarbeider på tvers av avdelingane til det beste for barna. Barna kjem alltid først. er ein varm, tydeleg og trygg vaksen for barna er motivert, kreativ og har godt humør, med evne til å undre seg saman med barna har god relasjonskompetanse og omsorgsevne, og skaper gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer har gode leiar- og samarbeidsevner, og er fagleg trygg ønskjer å bidra til vidareutvikling av barnehagen og delta aktivt i endringsprosessar arbeider sjølvstendig, er løysingsorientert og viser fleksibilitet i kvardagen har god forståing for planleggings- og evalueringsarbeid trivst med friluftsliv og med å vere ute i all slags vêr er ein tydeleg og god rollemodell for både barn og vaksne Vi tilbyr variert arbeid i eit positivt og utviklande miljø saman med i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap arbeid saman med engasjerte kollegaer som framsnakkar kvarandre og som ønskjer at du skal trivast og lukkast ein meiningsfull jobb og utfordringar som vil gi deg meistring og motivasjon faglege utfordringar der du er i utvikling som fagperson og som du får vere med å påverke og utvikle god opplæring saman med dyktige kollegaer og samarbeid med andre det er venta at vi i august 2028 skal vi inn i nybygg gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning) eit fagmiljø i stadig utvikling løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar Om arbeidsgiveren: Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.