About this role
Har du lyst å arbeide saman med oss? Seksjon for løn og rekneskap søkjer no etter ein engasjert lønskonsulent i vikariat i 50-100% stilling. Det er mulighet for forlengelse av midlertidig stilling og evt fast tilsetjing på sikt. Løn- og rekneskapsseksjonen er ein del av økonomiavdelinga i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen leverer tenester av høg kvalitet i ERP systemet SAP og lønssystemet SDWorx. Hovudkontoret for løn og rekneskap er lokalisert i Molde og har i dag 22 tilsette. Som lønskonsulent vil du vere ein viktig del av lønsteamet,som idag består av 10 tilsette. Snarleg tiltreding blir vektlagd ved tilsetting og kan vere ein fordel. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV. Arbeidsoppgåver Løpende lønnsoppgaver i Helse Møre og Romsdal Oppfølging av refusjonar frå NAV Kvalifikasjonar Relevant økonomisk utdanning Erfaring innan lønsarbeid kan kompensere for manglande formell utdanning Gode IT-kunnskapar Kjennskap til SDWorks er ein fordel Personlege eigenskapar Du er strukturert Du har gode samarbeidsevne Du har gode kommunikasjonsevne i norsk munnleg og skriftleg Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonMarita Henden, Lønn-og regnskapssjef, +47 47815202, [email protected] ArbeidsstedJulsundvegen 4 6412 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5182709872 Stillingsprosent: 50% Vikariat Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 12.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal