About this role
Ved Dovre svømmehall er det frå snarast ledig 13,28 % fast stilling som badevakt/badebetjent. Dovre svømmehall ligg på Dombås, samlokalisert med Dovre ungdomsskule, og er ein viktig møteplass for fysisk aktivitet, trivsel og folkehelse i lokalsamfunnet. Svømmehallen er open i perioden 1. september til 1. mai, og stillinga følgjer dei vedtekne opningstidene: tysdag og torsdag kl. 18.00-21.00 ein laurdag per månad ein dag i haustferien ein dag i juleferien ein dag i vinterferien ein dag i påskeferien Det er politisk vedteke drift av svømmehallen for 2026. Organisering og omfang av stillinga kan derfor bli endra frå 01.01.2027. Arbeidsoppgåver tilsyn med badegjester under opningstid bidra til trygg og forsvarleg drift av svømmehallen opning og stenging av anlegget etter gjeldande rutinar enkle reinhalds- og vedlikehaldsoppgåver handtering av situasjonar som krev førstehjelp eller livredning Kompetansekrav gode svømmeferdigheiter fylt 18 år gode kommunikasjonsevner overfor barn, ungdom og vaksne Kompetanseønske erfaring frå arbeid med menneske erfaring frå servicearbeid, idrett eller frivillig arbeid Vi vil gjerne ha din søknad dersom du er trygg, ansvarsbevisst og påliteleg er observant og har fokus på tryggleik kan opptre roleg og handlekraftig dersom det oppstår krevjande situasjonar er serviceinnstilt, møter publikum på ein positiv måte og bidreg til eit inkluderande og triveleg miljø for alle brukarar arbeider sjølvstendig og følgjer rutinar har interesse for helse og fysisk aktivitet Personleg eignaheit blir vektlagt. Nødvendig opplæring vil bli gjeve. Du må bestå livredningsprøve kvart år, og dette inngår som ein del av opplæringa. Vi tilbyr deg eit spennande og samfunnsnyttig arbeidsområde, løn etter tariff og pensjonsordning i KLP. For øvrig gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår. Nærare opplysningar får du ved å kontakte rektor Sissel Øwre på tlf. 959 25 839 eller e-post: [email protected] Kopiar av vitnemål og attestar ber vi om at du tek med til eit eventuelt intervju. Vi gjer merksam på at namn på søkjar kan bli offentleggjort sjølv om det blir bedt om unntak frå dette, jf. offentleglova § 25. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand. Om arbeidsgiveren: Dovre kommune er ei fjellbygd med nokre av Noregs mest spektakulære nasjonalparkar innanfor kommunegrensa. Her finn du frisk fjelluft, trivelege folk og store naturopplevingar rett utanfor døra. Sjølv om vi ligg høgt til fjells, er vi sentralt plasserte. Herifrå kan du reise klimasmart med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim, og med Raumabanen til Åndalsnes. Ynskjer du deg eit rikt liv i eit engasjert og trygt lokalsamfunn, vil vi ta godt imot deg.