About this role
Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert og resultatorientert avdelingsleiar for fagområdet arbeidsavklaringspengar (AAP). Du skal leie ei avdeling med 15 tilsette som har ansvar for sakshandsaming av arbeidsavklaringspengar, der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga sakshandsamar krav om arbeidsavklaringspengar frå dei fire Nav-kontora i Bergen og samhandlar også tett med andre einingar både på fylkesnivå og nasjonalt. Du vil difor ha ein sentral rolle i å utvikle godt samarbeid med andre einingar for å sikre heilskaplege og effektive prosessar.Som leiar i Nav skal du utøve tillitsbasert leiing med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Du byggjer tillit gjennom å sjå og utvikle potensialet hos medarbeidarane dine. Gode relasjonsevner og evne til å skape eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er difor sentrale eigenskapar i denne rolla. Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvann, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hjå oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn.Hjå oss får du moglegheita til å leie og utvikle eit sentralt fagområde i Nav, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap.