About this role
Vil du gjere ein forskjell kvar dag?Bli ein del av laget på Kulatoppen omsorgssenter! Her finn du fagleg utvikling, godt samarbeid, variert arbeid og kollegaer som bryr seg om både brukarane og kvarandre. No har vi ledige faste stillingar, vikariat og helgestillingar. Kanskje er dette din neste arbeidsplass?På Kulatoppen omsorgssenter møter du eit moderne og framtidsretta fagmiljø i heilt nye og renoverte lokale. Vi har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgnsbemanna omsorgsbustader fordelt på 11 avdelingar. Med vår nye fløy og omfattande oppgradering framstår Kulatoppen som eit lyst, funksjonelt og profesjonelt omsorgssenter – til beste for både bebuarar og tilsette. Vi tilbyr eit breitt og variert pasienttilbod, med eiga korttids- og rehabiliteringsavdeling. Her finn du blant anna eige rehabiliteringskjøkken og takheiser på dei fleste pasientrom. Vi ligg i front på bruk av velferdsteknologi og har løysingar som Imatis samhandlingstavle, digitale arbeidslister og pasientvarsling med to-veis tale. Målet vårt er å sikre høg kvalitet i alle tenester og eit trygt og føreseieleg miljø for bebuarane.Kulatoppen har eit flott uteområde med gangveg rundt heile bygget og ei fantastisk utsikt over Måløy og omegn. Her finn du sansehage, drivhus, grillplass, bocciabane, trim- og leikeapparat, samt bær- og frukttre – alt lagt til rette for aktivitet, kvile og gode opplevingar. Vi tilbyr varierte aktivitetar gjennom heile veka, med fokus på "Kva er viktig for deg?" og personsentrert omsorg. Slik legg vi grunnlaget for meiningsfulle og helsefremjande dagar for kvar enkelt bebuar.