About this role
Hospitaldrift Reinhald har ledig 1 fast 100% stilling som reinhaldar/assistent. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 340 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.