Now hiring

Miljøarbeider @ Midt-Telemark kommune

GvarvOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre?Er du ein engasjert og trygg miljøarbeidar som ønskjer ein meiningsfull jobb? Trivst du med varierte arbeidsdagar, ansvar og gode relasjonar? Då kan dette vere moglegheita du har venta på!Notevarp, ei avdeling under Bu og meistring i Midt-Telemark kommune, søkjer no ein miljøarbeidar i 100 % vikariat. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der vi kvar dag arbeider for å skape gode liv, meistring og utvikling for menneska vi følgjer opp.På Notevarp bur menneske med ulike bistandsbehov, og som miljøarbeidar vil du bidra til å skape tryggleik, føreseielege rammer og innhaldsrike kvardagar. Ingen dagar er heilt like, og du får moglegheita til å nytte både fagkompetansen din og dei personlege eigenskapane dine i møte med brukarane.Du vil vere ein viktig støttespelar i kvardagen deira og bidra til å styrkje sjølvstende, meistring og livskvalitet. Gjennom gode relasjonar, tryggleik og fagleg oppfølging er du med på å leggje til rette for at kvar enkelt kan leve eit mest mogleg sjølvstendig og meiningsfullt liv. Hos oss står brukarmedverknad, respekt og individuelle behov i sentrum.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores