Now hiring

Digitaliseringsrådgjevar for helse og velferd @ Klepp kommune, IT - Digitalisering

KleppeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ser du moglegheiter der andre ser etablerte arbeidsmåtar? Vi søkjer ein digitaliseringsrådgivar som vil arbeida i skjeringspunktet mellom menneske og teknologi for å skapa betre tenester og smartare måtar å arbeida på.Kommunane i Noreg står overfor aukande krav til effektivitet, kvalitet, og tilgjengelegheit. Digitalisering er avgjerande for å møta desse forventningane. Dette handlar ikkje berre om å ta i bruk ny teknologi, men og om å forenkla arbeid, automatisera oppgåver og skapa betre flyt i arbeidskvardagen.Som digitaliseringsrådgivar skal du bidra til å utvikla kommunen sine tenester og arbeidsmåtar gjennom smart bruk av teknologi. Du skal avdekkja flaskehalsar, utfordra etablerte arbeidsmåtar og leggja til rette for meir effektive arbeidsflytar. Rolla krev evne til å sjå samanhengen mellom menneske, prosessar og teknologi, og å omsetja strategiske mål til praktiske løysingar som skaper verdi for innbyggarar og tilsette.Stillinga vil vera særleg knytt til tenesteområdet Helse og velferd. Kommunen er i ferd med å etablera eit tverrfagleg e-helseteam, der du vil få ei sentral rolle. Samtidig står tenesteområdet framfor fleire store endringar, mellom anna innføring av nytt pasientjournalsystem og utskifting av fleire sentrale fagsystem. Du vil bidra til at løysingar blir tatt i bruk og skaper gevinstar gjennom endringsarbeid, opplæring og tett samarbeid med tenestene. Du skal ha god kjennskap til systema, slik at du kan sørga for at dei vert utnytta fullt ut.Klepp kommune er ein del av DigiJæren-samarbeidet, eit IT- og digitaliseringssamarbeid mellom kommunane Klepp, Time, Gjesdal og Hå. Her vil du ha kollegaer i tilsvarande roller i dei andre kommunane og høve til å samarbeida om utvikling, erfaringsdeling og digitale satsingar på tvers av kommunegrensene.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores