Now hiring

Er du god på kvantitativ metode, datahandtering og statistiske analysar? Bidra til betre offentleg forvaltning @ Riksrevisjonen

OsloOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ein sentral del av Riksrevisjonens samfunnsoppdrag er å undersøkje om statsforvaltninga gjennomfører Stortingets vedtak på ein effektiv og målretta måte. Gjennom forvaltningsrevisjonar vurderer vi korleis statlege ressursar blir brukte, om departement og verksemder når måla Stortinget har sett, og om tiltaka som blir gjennomførte gir dei ønskte resultata. Rapportane våre gir Stortinget eit viktig grunnlag for å følgje opp forvaltninga på alle sentrale samfunnsområde.Du vil bli ein del av ein av to avdelingar for forvaltningsrevisjon, som med om lag 100 tilsette er eit av Noregs største fagmiljø innan utgreiing og analyse. Avdelinga består av medarbeidarar med brei og tverrfagleg kompetanse, og Riksrevisjonen har ein unik tilgang til data og kunnskapsgrunnlag.Som forvaltningsrevisor får du høve til å arbeide med komplekse og samfunnsviktige problemstillingar i tverrfaglege team. Du vil bidra til analysar og rapportar som gir Stortinget grunnlag for å vurdere resultata og måloppnåinga til forvaltninga. Vi søkjer særleg etter kandidatar med kompetanse innan metode og statistisk analyse. Hovudoppgåvene vil vere å behandle og analysere data for å belyse spørsmål om mellom anna måloppnåing, ressursbruk og effektar av offentlege tiltak. Du vil også kunne bidra til å utvikle nye og innovative metodar for analyse og visualisering av data.Hos oss får du faglege utfordringar i eit sterkt og engasjert fagmiljø, samtidig som du får høve til å påverke viktige avgjerder gjennom undersøkingar med stor betydning for samfunnet. Det er ikkje krav om relevant arbeidserfaring, og nyutdanna blir derfor også oppmoda til å søkje. Hovudkontoret vårt ligg i Oslo, men til denne stillinga vil det også vere mogleg å jobbe frå regionkontoret vårt i Kristiansand eller Tromsø.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores