About this role
Likar du å arbeide med menneske, og har høve til å ta på deg fast arbeid på helg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen) har ledige helgsestillingar med gjennomsnittleg arbeid kvar 4 helg (fredag kveld, og langvakt 12,5-14 timar lørdag og søndag).Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Avdelingane har både avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim. Du får nødvendig opplæring og rettleiing, både på arbeidsplassen og gjennom kurs, slik at du blir trygg i rolla di. Hos oss blir du ein del av eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt for ein prat.Tilredning etter avtale.