About this role
TTF i Fyresdal kommune søkjer miljøarbeidar i 50 % fast stilling i medleverturnus, knytt til oppfølging av ein tenestemottakar.TTF gir tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar og bistandsbehov. Tenesta omfattar både fastbuande personar og avlasting. Målet vårt er å leggje til rette for ein trygg og meiningsfull kvardag, med fokus på meistring, sjølvstende, aktivitet og deltaking.Som miljøarbeidar vil du følgje opp tenestemottakaren i kvardagen og vere ein viktig støtte i daglege aktivitetar og gjeremål. Arbeidet krev at du kan byggje gode relasjonar, arbeide sjølvstendig og samtidig samarbeide tett med kollegaer og andre faggrupper.Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå tenestemottakaren sine behov og gjeldande vedtak.Stillinga er organisert i medleverturnus, med lengre samanhengande arbeidsperiodar og tilsvarande lengre friperiodar.