About this role
Dagleg leiar i Bore sokn 60-70 % stilling, fast stillingAssisterande kyrkjeverje 30 % stilling, fast stilling I Klepp har vi behov for ny dagleg leiar i Bore sokn og assisterande kyrkjeverje i Klepp kyrkjelege fellesråd, til saman inntil 100 % stilling. Du som søkjer kan enten søkje berre stillinga som dagleg leiar, eller både som dagleg leiar og assisterande kyrkjeverje. Vil du vere med og utvikle eit levande, ope og inkluderande sokn? Vi søkjer ein engasjert og strukturert dagleg leiar som ønskjer å bidra til at soknet kan vere ein open møteplass for tru, fellesskap og samfunnsengasjement. Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å leggje til rette for arbeidet i soknet gjennom administrativ leiing, planlegging og koordinering. Stillinga gir ei unik moglegheit til å kombinere leiing, organisasjonsutvikling og samarbeid med tilsette, frivillige og sokneråd. Bore sokn har om lag 3 300 medlemmer og er eit «tregenerasjonssokn». Staben består av dagleg leiar, prest, trusopplærarar, sekretær, kyrkjetenar og reinhaldar (fleire av desse er deltidsstillingar). Bore deler diakon med dei andre sokna i kommunen. Arbeidsstad vil vere ved kyrkjekontoret i rådhuset på Klepp.