Now hiring

Reinhaldar, fast 100% stilling @ Helse Bergen HF, Drift- /teknisk divisjon

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Hospitaldrift Reinhald har ledig ein 100% fast stilling som reinhaldar/assistent frå 01.11.2026.Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 340 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores