Now hiring

Jobbspesialist @ Nav

StraumeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du gjere ein forskjell for menneske som ønskjer å kome ut i arbeidslivet? Då kan dette vere jobben for deg!Vi søkjer jobbspesialist til Arbeid med støtte! I Nav region Vest er vi på jakt etter ein kollega som ønskjer ein spennande jobb med stor fridom i kvardagen, samstundes som du arbeider etter den anerkjende metoden Supported Employment. Vi har ledig eit inntil 1 års engasjement med oppstart ca 1. desember 2026.Nav region Vest består av dei to kontora Nav Askøy og Nav Øygarden. Vi er om lag 140 tilsette til saman i regionen. Du vil vere ein del av ei regional avdeling der marknad, tiltak og jobbspesialistar er plasserte. Du vil ha kontortilhøyrsle ved Nav Øygarden, og vil òg vere knytt til ei avdeling der.Nav Øygarden er lokalisert sentralt på Straume, og vi har om lag 90 tilsette. Vi har ein aktivitetsbasert arbeidsplass med stort fokus på eit godt arbeidsmiljø.Du vil vere ein del av Arbeid med støtte-teamet vårt, som består av fem dyktige jobbspesialistar og éin metoderettleiar. Du vil følgje opp arbeidssøkjarar frå begge kontora. Primærmålgruppa er ungdom under 30 år, men vi vil og ha deltakere over 30 år. Du vil ha deltakarar i porteføljen din frå begge kontora. Vi forventar at du er til stades ved begge kontora. Den viktigaste arbeidsplassen finn du ofte ute blant folk. Meir enn 40 prosent av arbeidstida di blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegner av kandidatane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores