About this role
Surnadal vgs søkjar tospråkleg fagarbeidar/assistent i 89% prosjektstilling med urkainskspråkleg kompetanse skoleåret 26-27 og 27-28. Arbeidstiden følger pr. tiden skoleruten.Vil du bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar lykkast i overgangen frå skole til arbeidsliv? Stillinga er knytt til eit toårig prosjekt, «Tospråkleg fagopplæring for betre overgang til læreplass i bygg- og anleggsteknikk», der målet er å styrke oppfølginga av minoritetsspråklege elevar gjennom heile opplæringsløpet. Prosjektet skal bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar fullfører vidaregåande opplæring og får læreplass. Surnadal vidaregåande skole er ein kombinert skole. Skolen ligg i Surnadal kommune på Indre Nordmøre og har omlag 200 elevar og 40 tilsette. Skolen har 5 utdanningsprogram:Helse- og oppvekstfagElektro og datateknologiTeknologi- og industrifagBygg- og anleggsteknikkStudiespesialisering