Now hiring

Sjukepleiar @ Herøy kommune, Eggesbøtun/1:1

FOSNAVÅGOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som mottek helse og omsorgstenester frå seksjon Eggesbøtun?Vår kollega skal ut i permisjon, og vi søker difor ein engasjert og dyktig sjukepleiar i 100 % vikariat fram til medio april 2028.Eggesbøtun ligg ved omsorgssenteret på Eggesbønes og består av 15 bustader i bufellesskap med heildøgnsbemanning. I tillegg omfattar tenesta 12 bustader ved Eldretun med delvis bemanning. Her møter du bebuarar med ulike behov og livshistorier, og du blir ein del av eit fagleg sterkt og omsorgsfullt arbeidsmiljø.Vi arbeider kvar dag for å gi individuelt tilpassa og framtidsretta tenester av høg kvalitet. Målet vårt er at bebuarane skal få nødvendig helsehjelp, omsorg og støtte, samtidig som dei får leve så sjølvstendige og meiningsfulle liv som mogleg. Vi legg vekt på å styrkje den enkelte sine eigne ressursar, fremje meistring og bidra til tryggleik og livskvalitet i kvardagen. Vi ser etter deg som trivst med faglege utfordringar, har eit løysingsorientert blikk og tek ansvar når situasjonen krev det. Du samarbeider godt med andre, ser moglegheiter framfor avgrensingar og ønskjer å vere med på å vidareutvikle gode tenester for brukarane våre.Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø, der du samarbeider tett med heimetenesta og andre tenester i kommunen for å finne gode løysingar og sikre heilskaplege tenester for bebuarane. Hos oss får du vere med på å gjere ein forskjell kvar dag – for bebuarane, pårørande og kollegaene dine. Kanskje er du den vi ser etter?Stillinga inngår i todelt turnus etter årsplan med arbeid kvar tredje helg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores