About this role
Ørsta helsestasjon har frå 01.01.2027 ledig 60 % stilling for helsesjukepleiar.Helsestasjonen er lokalisert i nye lokale i nær tilknyting til mellom anna legesenteret og fysio/ergo/friskliv. Avdelinga er organisert under tenesteområde helse, tildeling og koordinering i sektor for helse, omsorg og velferd. I tenesteområdet elles ligg fysio/ergo/friskliv, legeteneste, kommunepsykolog, tildeling, koordinering og barnevern. Helsestasjonen har 11,85 årsverk fordelt på 17 tilsette. På helsestasjonen arbeidar helsesjukepleiarar, helsestasjonslege, jordmor, kommunepsykolog og merkantil. Fysioterapeut er knytt til helsestasjon 0-5 år i 20 % stilling. Vi har eit nært samarbeid med andre som gir tenester til barn og unge.Helsestasjonen har ansvar for svangerskapsomsorg v/jordmor, helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste, HFU, smittevern, gjennomføre nasjonalt vaksinasjonsprogram og helsekontroll av flyktningar.Ørsta kommune er oppteken av tverrfagleg samhandling kring born og unge, og kommunen jobbar for å verte ein BTI-/BTSkommune gjennom prosjekt som skal sikre forankring og implementering. Helsestasjonen har ei viktig rolle i dette arbeidet.