Now hiring

Avdelingsleiar for Ellingsøy bufellesskap @ Ålesund kommune

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å etablere framtidas tenester for personar med utviklingshemming i Ålesund kommune?Ålesund kommune skal etablere eit heilt nytt og spesialtilpassa bufellesskap på Ellingsøya. Bufellesskapet vil bestå av åtte moderne leilegheiter og er planlagt innflyttingsklare våren 2028.Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta avdelingsleiar som ønskjer å vere med frå starten. Dette er ei sjeldan moglegheit til å byggje opp eit nytt fagmiljø, rekruttere medarbeidarar, forme kultur og utvikle tenester med høge faglege ambisjonar.Ved oppstart i stillinga vil du ha ansvar for bustadane Myrland og Langhaugen. Samstundes vil du få ei sentral rolle i planlegginga og etableringa av det nye bufellesskapet på Ellingsøya. Du vil leie ein viktig omstillingsprosess i tett samarbeid med bebuarar, pårørande, medarbeidarar og leiarkollegaer.Ålesund kommune arbeider etter Veilederen «Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming» og er i gang med implementering av Positiv Atferdsstøtte (PAS). Vi ønskjer ein leiar som ser verdien av personorienterte tenester, sjølvbestemming, inkludering og høg fagleg kvalitet.Som en del av rekrutteringsprosessen vil aktuelle kandidater bli invitert til å gjennomføre evne- og personlighetstester.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores