About this role
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!Lokal sikkerheitspost (LS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnusRegional sikkerheitspost (RS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 3. kvar helgPsykiatrisk klinikk: Kandidatar blir tilsett ved Psykiatrisk klinikk pt ved avdeling. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/S6 har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg. Klinikk psykisk helsevern for barn og unge: Her er det krav om tilfredstillande politiattest (vandel) jmf. Lov om helsepersonell § 20A. * PBU, Barnepost, søker sjukepleiar til 100% fast stilling. Stillinga vil inngå i eit tverrfagleg team som gir tenester til pasientar som blir innlagd elektivt. 2-delt turnus med 2-3 kveldar pr. veke, og kvar 4 helg på akuttpost for barn og unge. Samt arbeid på Akuttpost når Barneposten er stengd (jul, påske og i sommarferieavviklinga).* Kronstad DPS, Allmenn døgn - har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og pt. kvar 3. helg. Bemanningssenteret Vanskeleg å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiar og vernepleiar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet.