Now hiring

Helsefagarbeidar - 15 % fast (helgestillinger) @ VINJE SJUKEHEIM

NO094, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og skape gode dagar for våre bebuarar? Vinje sjukeheim søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar. Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du gjer ein viktig forskjell i kvardagen til menneske som treng omsorg, tryggleik og gode opplevingar. Du vil jobbe saman med dyktige kollegaer, og me legg til rette for læring, samarbeid og fagleg utvikling. Helgestillinga hjå oss passar godt for deg som er student, elev eller ynskjer verdifull erfaring innan helse- og omsorgstenesta. Sjukeheimen består av ein langtidsavdeling med 34 bebuarar og ei korttidsavdeling med 9 rom. Langtidsavdelinga er dela inn i tre grupper, der to av gruppene er særleg tilpassa personar med demens. Me har helgestillingar med ulik stillingsstorleik, med arbeid kvar annan eller tredje helg, med vakter fredag til sundag, eller laurdag til sundag. Arbeidsoppgåver Omsorg og pleie til sjukeheimsbebuarane Miljøtiltak - tilrettelegge hyggelege kvardagar for våre bebuarar. Praktiske oppgåver i avdelinga, som smøring av mat, oppvask, rydding o.l Samarbeid med bebuarar, pårørande og kollegaer Journalføring Kvalifikasjonar Du har fagbrev som helsefagarbeidar eller er elev/student innan helsefag og ynskjer arbeidserfaring Søkjarar som ikkje oppfyller utdanningskravet, men som har relevant erfaring, kompetanse eller interesse kan bli vurderte etter ei heilskapleg vurdering Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar, tilsvarande nivå B2 Personlege eigenskapar Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig Du er fleksibel og kan samhandle godt med bebuarar, pårørande og kollegaer Du har gode samarbeidsevner Du tar initiativ og ynskjer å lære Du har interesse for eldreomsorg Du snakkar og forstår norsk godt Du er stabil Personleg eignahet vil bli vektlagt ved tilsetjing Me tilbyr God forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar ABC-kurs i demensomsorg og andre fagområde. Fagleg oppdaterte og dyktige kollegaer. Betalt matpause. Løn etter ansiennitet i lokal stige Moglegheit til å påverke din eigen turnus. Me nyttar årsturnus. I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. KontaktinformasjonHanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, [email protected] ArbeidsstadVinjevegen 212 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5099751727 Stillingsprosent: 15% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 18.10.2026 Om arbeidsgiveren: Me ynskjer deg velkomen til Vinje! Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar. Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. Me håpar du vil trivast hjå oss! Les meir om livet i Vinje her Sjå Vinjefilmen her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores