Now hiring

Rådgivande ingeniør brann Nordfjordeid og Vågå @ NORDPLAN AS AVD NORDFJORD

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I Nordplan verdset vi samarbeid og innovasjon. Du blir del av eit tverrfagleg miljø med planleggjarar, landskapsarkitektar, arkitektar og ingeniørar. Vi tilbyr eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø, med fleksibel arbeidstid som gir god balanse mellom prosjekt og privatliv. Hva vi ser etter Minimum 5 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule Erfaring i bruk av Revit God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gjerne engelsk Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåvene vil primært vere utarbeiding av brannsikkerheitstrategi, altså brannkonsept, for både nybygg og eksisterande bygningar. Dette omfattar også god kjennskap til fråviksdokumentasjon. I tillegg ser vi at brannteknisk tilstandsvurderingar blir meir ein del av arbeidsdagen. God kjennskap til tidlegare byggeforskrifter er ønskeleg. Variasjonen i arbeidsoppgåver er stor, og du får stor påverknad på både prosess og ferdige prosjekt. Nordplan gir store utviklingsmoglegheiter for medarbeidarar som ynskjer og evner. Brannteknisk rådgjeving internt i Nordplan og i eigne prosjekt Utarbeiding av brannkonsept, brannteikningar og rømningsplanar for byggeprosjekt Utarbeiding av brannteknisk tilstandsvurdering av eksisterande bygg Vi tilbyr Du får konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi jobbar med mange spennande prosjekt, og vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar og ønskjer utfordringar. Les gjerne meir om referanseprosjekta våre her. Om arbeidsgiveren: I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side -- for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode. Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores