About this role
50 % avtaleheimel for godkjend spesialist i vaksenpsykiatri er ledig frå 01.01.2027, eller etter avtale. Noverande praksis er lokalisert i Bergen sentrum. Det er ein føresetnad at når senior avsluttar sin praksis, må overtakande lege fortrinnsvis etablere avtalepraksisen i Bergen Nord. Noverande innehavar ønskjer å trappe ned sin praksis i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer, seinast august 2028. Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokale som senior, i tett samarbeide med senior. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida. Arbeidsoppgåver Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere: erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist. Erfaring frå arbeid med vaksne vil bli tillagt vekt evne til å gjennomføre målretta og avgrensa pasientforløp i tråd med mandatet til spesialisthelsetenesta samla kompetanse i noverande avtalespesialistgruppe og lokal DPS med omsyn til vidareutdanning innan ulike terapiretningar vil kunne vektleggast i prioritering av søkjarar personlege eigenskapar samarbeid med andre innretning av praksis Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening. Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Helse Bergen ved Bjørgvin DPS. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn"). Avtalespesialisten mottar pasientar frå Bjørgvin DPS. Det vil i den individuelle driftsavtalen bli fastsett eit minstekrav til inntak av nye pasientar kvar månad. Spørsmål om praksisen kan rettast til Øystein Elgen tlf.: 90 09 97 95. Vilkår og rammerPlassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell, når aktuell søkjar overtar heile avtaleheimelen. Heimelen er i dag plassert i driftstilskotsklasse 1. Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 1 175 000 (klasse 1) til kr. 1 750 000,- (klasse 3). Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen. KontaktinformasjonTorleiv Bergland, Rådgiver, 415 33 822 ArbeidsstadKnud Holms gate 8 4005 STAVANGER Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Vest RHF Referansenr.: 5183704092 Stillingsprosent: 50% Engasjement Søknadsfrist: 12.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering. Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.