About this role
Tilsette ved Gaupne omsorgssenter yter tenester til omsorgsplassar, heimebuande i Gaupne og Jostedal og korttidsavdelinga. Me har no fleire ledige stillingar ved omsorgssenteret, både fast stilling og vikariat. Stillingsinformasjon 100% fast stilling som heimehjelp, reinhaldstenester til heimebuande, arbeid kvar tredje helg 100% vikariat som aktivitør/miljøarbeidar frå d.d. til 31.01.2028. Arbeid på dagtid måndag til fredag. 100% vikariat som helsefagarbeidar 01.10.2026-31.08.2027. Stillinga er for tida på omsorgsplass. Arbeid kvar tredje helg Det er også ledige helgestillingar på omsorgssenteret Arbeidsoppgåver Helsefagarbeidar: Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet Ansvar for jounalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande utifrå retningslinjer Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø Heimehjelp: Gje praktisk bistand, ymse heimehjelpsoppdrag til heimebuande Vask av fellesareal Aktivitør/miljøarbeidar: Miljøarbeidar har eit hovudansvar for planlegging, gjennomføring og utvikling av aktivitetstilboda. Under dette ligg ansvar for daglege varierte fellesaktivitetar på aktivitetsstova (song, musikk, baking, underhaldning mm.) og/eller individtilpassa aktivitetar for den einskilde bebuar Det kan bli tillagt andre oppgåver utifrå bebuarane sine behov, t.d. aktivitetar på ettermiddag/kveld. Kvalifikasjonar For alle stillingane: Relevant utdanning og praksis Meistre norsk tilfredsstillande, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar vert vektlagde Særskilt for helsefagarbeidarstilling: Offentleg godkjenning som helsefagarbeidar Særskilt for heimehjelpsstilling: Ynskjeleg med fagbrev innan reinhald/ evt relevant praksis Me legg vekt på Fleksibilitet og evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar Gode kommunikasjonsevner Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løsningsorientert Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg Me kan tilby Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår Eit godt og stabilt arbbeidsmiljø med høg fagkompetanse Gode moglegheiter for fagleg utvikling Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk Andre opplysningar Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Tilbyr - Omsorgsplassar med heildøgnstenester - Korttidsavdeling (KA) med øyeblikkeleg - hjelp senger - Omsorgsbustadar