About this role
BPA i Luster kommune. Kommunen etablerte eit nytt team med Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) i 2017. Tenesta er knytt til ei kvinne på 35 år som bur i eigen bustad i Jostedal. Me søkjer 1 personleg assistent i 54% fast stilling til teamet. BPA er ei alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse til menneske med funksjonshemming, der den funksjonshemma sjølv er arbeidsleiar for sine eigne assistentar. Kvinna har celebral parese og brukar rullestol i kvardagen. Ho har eigen tilpassa bil. Kvinna har interesse for bøker, film, musikk, vintersport, skriving, kultur og sosiale aktivitetar saman med andre. Ho er utdanna fagomsetjar i norsk/engelsk, og etablerte hausten 2017 seg som sjølvstendig næringsdrivande, med eiga bedrift. Sidan 2023 har ho jobba som kontormedarbeidar ved ATS i Gaupne. I arbeidstida er ho tildelt funksjonsassistent frå NAV. Tenesteytinga vert organisert med at tilsette utgjer båe rollane som personleg assistent og funksjonsassistent. Arbeidsstad: Gjerde, Jostedal Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variere, men i hovudsak vere hjelp med daglege rutinar i forhold til personlege behov, bistand til personleg hygiene/stell, praktiske gjeremål i heimen, følgje til fysioterapi, lege og tannlege. Kvinna vil ha behov for oppfølging på fritidsaktivitetar i og utanfor heimen, og treng bistand og motivasjon til fysisk trening. Dei som vert tilsett må motivere og tilrettelegge for at brukar skal kunne halde fram med å utføre dei oppgåvene brukar meistrar, samt stimulere til innlæring av nye ferdigheiter. Dei tilsette må kunne delta i planlegging av dags- og vekeplanar, og avlaste brukar i ein travel kvardag med planlegging av ulike gjeremål. I arbeidet inngår å vere følgjeperson på treningsreiser, helgeturar og feriar. Kvalifikasjonar Det er ikkje krav til formell utdanning, men søkjar bør ha erfaring frå å arbeide med menneske Forstå og respektere brukarstyrt personleg assistanse Vere pliktoppfyllande, ærleg og påliteleg og kunne abeide sjølvstendig og etter arbeidsliste Ha godt humør, sans for humor, vere positiv og serviceinnstilt By på seg sjølv, kome med forslag til aktivitetar, og syne respekt for brukar si avgjerd som tenestemottakar og arbeidsleiar Vere fleksibel og tilpasse arbeidet til brukar sine behov for teneste Vere over 18 år og ha førarkort Beherske norsk munnleg og skriftleg Krav om politiattest Særskild for stillinga Det er ynskjeleg at du i søknaden skriv litt om deg sjølv. Kopi av godkjente attestar og vitnemål kan du ta med til ev. intervju. Tilsett får Lønn etter kommunen sitt gjeldende avtale- og regelverk. Felles opplæring i BPA saman med kollegaer.Legg inn tekst for eininga di, ein kjekke tekst som seier litt om arbeidsstaden. Særskild for stillinga Arbeidstida er etter turnus med langvakter med arbeid 4. kvar helg Det er ynskjeleg at du i søknaden skriv litt om deg sjølv Kopi av godkjente attestar og vitnemål kan du ta med til ev. intervju Stillingsinformasjon 54% fast stilling som brukarstyrt personleg assistent (BPA) Langvakter og jobb kvar fjerde helg Me kan tilby Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår. Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter gjeldande tariffavtale Andre opplysningar Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Tilbyr - Omsorgsplassar med heildøgnstenester - Korttidsavdeling (KA) med øyeblikkeleg - hjelp senger - Omsorgsbustadar