Now hiring

Lærar Elektrofag @ SYKKYLVEN VIDAREGÅANDE SKULE

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Sykkylven vidaregåande skule søkjer lærar i 100 % fast stilling innan elektro og datateknologi. Vi søkjer ein fagleg sterk og samarbeidsorientert kollega med kompetanse til å undervise i programfaga på Elektro og datateknologi. Vil du vere med å forme framtidas fagarbeidarar? Hos oss får du undervise i eit moderne og framtidsretta elektrofagmiljø med TekLab, elektrolab og verkstadar utstyrte for morgondagens teknologi. Arbeidsoppgåver Undervise og rettleie elevar i programfaga innan elektrofag Følgje opp elevar fagleg og sosialt, og bidra aktivt til å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø Samarbeide tett med kollegaer, kontaktlærarar og lokalt næringsliv for å sikre relevant og oppdatert opplæring Delta i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid ved skulen Sikre godt vedlikehald, orden og tryggleik knytt til verkstader og utstyr Kvalifikasjonar Kompetanse innan elektrofag er særleg etterspurt Praktisk erfaring frå næringsliv er ønskjeleg Pedagogisk kompetanse (PPU) er ønskjeleg Erfaring med opplæring og arbeid med ungdom er ein fordel Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetting, kan andre tilsetjast mellombels for eit skoleår eller på vilkår om å fullføre nødvendig utdanning Personlege eigenskapar Evne til å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø Strukturert, løysingsorientert og trygg i verkstadsarbeid Engasjert, initiativrik og opptatt av elevane si læring og utvikling God samarbeidsevne og vilje til å bidra i eit fagleg fellesskap Vi tilbyr Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit framtidsretta fagområde Godt utstyrt verkstad og tett samarbeid med lokalt næringsliv Moglegheit for fagleg og pedagogisk utvikling Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK) Løn etter gjeldande avtaleverk KontaktinformasjonBarbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045 ArbeidsstadKyrkjevegen 6 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5175474145 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 25.09.2026 Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest. Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores