About this role
Kinn kommune har ledig 100 % fast stilling som tenesteleiar ved Nepjarhaugen barnehage. Stillinga er ledig frå 01.01.2027. Tenesteleiar sin næraste leiar er kommunalsjef for oppvekst og undervisning. Nepjarhaugen barnehage opna i 2023 og ligg i Florø sentrum. Den er organisert som avdelingsbarnehage med fire avdelingar. Barnehagen er moderne og framtidsretta med gode fasilitetar for barn og tilsette. Barnehagen har industrikjøkken og eiga pedagogisk arbeidssone og spisesone for barna, fellesrom med moglegheit for fysisk aktivitet og eit eige språkrom der det er tilrettelagt for språkstimulerande aktivitetar. Dette støttar opp om den pedagogiske profilen som byggjer på fire satsingsområder: kosthald og måltid, fysisk aktivitet, språk og kommunikasjon og mangfald og inkludering. Barnehagen har tilsette med relevant utdanning, er teamorganisert og har fokus på å vere ein lærande organisasjon. Barnehagen deltek i kollektiv kompetanseutvikling med satsing på språk og kommunikasjon. Hausten 2026 har barnehagen 63 barn i aldersgruppa 1-5 år, og ca 17 årsverk. Arbeidsoppgåver Styrar har som tenesteleiar pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar innanfor tildelte rammer, og personalansvar for barnehagen sine tilsette. Som styrar skal du: Utføre arbeidsoppgåvene slik dei er nedfelt i kommunen sine styringsdokument, og såleis bidra til å nå mål og delmål. Sikre god styring av eininga gjennom effektiv bruk og forvaltning av tildelte økonomiske ressursar i samsvar med busjett og økonomireglement. Legge til rette for gode utviklings- og læringsprosessar i barnehagen, der ein set profesjonsutvikling og eit trygt og inkluderande barnehagemiljø i sentrum. Spele medarbeidarane gode gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap. Vere ansvarleg for at barnehagen sitt samfunnsmandat vert utført i samsvar med lov og regelverk og å etablere eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar. Arbeide målretta med å inkludere barn, føresette, tilsette og tillitsvalde i barnehagen sine utviklings- og avgjerdsprosessar. Styrar deltek og bidreg i nettverk med andre barnehage- og skuleleiarar. Kvalifikasjonar Du må ha: Godkjent barnehagelærerutdanning, evt. ana høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse. Erfaring frå pedagogisk arbeid i barnehage. God økonomiforståing. Kjennskap til relevant lov-og avtaleverk. God kommunikasjonsevne på norsk; skriftleg og munnleg. God digital kompetanse. Det er også ønskjeleg at du har: Tilleggsutdanning innanfor administrasjon og leiing, som styrarutdanning eller liknande. Leiarerfaring innanfor barnehageområdet. God forståing for offentleg forvaltning. Erfaring frå å leie utviklings- og endringsarbeid. God kommunikasjonsevne på engelsk; skriftleg og munnleg. Kjennskap til datasystem som Visma Enterprise, Visma HRM, Compilo, FamacWeb, Tieto RS, IST, Framsikt, Teams. Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: Er trygg og tydeleg, tek ansvar og evnar å ta avgjerder. Samhandlar godt med barn og vaksne. Har pågangsmot, godt humør og er løysingsorientert. Er fagleg oppdatert og opptatt av barn si utvikling og læring Har blikk for barnehagen si rolle lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Er trygg og uredd i leiarrolla, ivaretek medverknad, tek avgjersle og har gjennomføringskraft. Har gode samarbeidsevne, og er ein aktiv bidragsytar i barnehage- og rektorkollegiet. Arbeider strukturert, ser heilskap og har god gjennomføringsevne Evnar å balansere omsynet til menneske, fag, økonomi og drift Det vert lagt stor vekt på personleg eignaheit. Vi ønskjer at søkjar gjev uttrykk for eigne tankar om leiarrolla i søknaden. Det vil bli lagt vekt på relevant leiarkompetanse og -erfaring. Legg ved pdf frå vitnemålportalen.https://www.vitnemalsportalen.no/ Vi tilbyr Ei spennande og sjølvstendig leiarstilling med høve til å påverke vidare utvikling av barnehagen. Leiing av ein moderne barnehage med gode fysiske rammer og eit kompetent fagmiljø. Deltaking i faglege nettverk, internt og eksternt. Moglegheit for å utvikle seg vidare som leiar, mellom anna gjennom deltaking i Kinn kommune sitt leiarutviklingsprogram. Gode pensjons- og forsikringsvilkår. Løn etter gjeldande avtaleverk. KontaktinformasjonMona Ødegård Standal, Konstituert kommunalsjef, Oppvekst og undervisning, +47 41513865, [email protected] ArbeidsstadMarkegata 59 6900 Florø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5170933024 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vår visjon: I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.