Now hiring

Prosjektøkonom (rådgjevar) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet @ UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Rådgjevar Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei fast stilling som prosjektøkonom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i ulike fellesadministrative einingar og seksjonar. Stillinga er knytt til fakultetet sin Seksjon for økonomi og forskingsstøtte, men hovudarbeidsplassen vil være ved eitt eller fleire av våre institutt. Du vil og samarbeide tett med dei andre økonomane i seksjonen. Som prosjektøkonom vil du få særskild ansvar for prosjektporteføljen for eit eller fleire institutt. Den som blir tilsett vil få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver og arbeide nært med instituttleiinga og med våre forskarar i eit internasjonalt miljø. Arbeidsoppgåver: Særskild ansvar for prosjektporteføljen for eitt eller fleire institutt, inkludert analyse og oppdatering av prognosar. Ha oversikt over korleis prosjekta påverkar instituttøkonomien. Bidra til utarbeiding av økonomiske oversikter og rapporter til leiinga. Budsjettering av prosjektsøknader til ulike finansieringskjelder. Oppfølging av eksternfinansierte prosjekt, mellom anna rapportering til finansiør. Utvikling av særskild kompetanse på enkelte prosjekttypar og finansieringskjelder. Vidareutvikling og kvalitetssikring av rapportar, styrings- og leiingsverktøy, samt økonomirutinar Bidra til andre driftsoppgåver som økonomiseksjonen har ansvar for. Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid Kvalifikasjonar og eigenskapar: Høgare utdanning innan økonomi på masternivå. Lang og relevant erfaring kan i særskilde tilfelle erstatte utdanningskravet. God prosjekt- og økonomiforståing, og med nødvendig presisjon i arbeidet. Relevant økonomierfaring frå universitets- og høgskulesektoren er ønskeleg. Det er en fordel med erfaring frå bruk av Unit4 og bruk av Tableau rapporteringsverktøy. Vi ønskjer at du er motivert, serviceinnstilt, sjølvstendig, strukturert og effektiv. God administrativ it-kompetanse. Gode kommunikasjons- og samarbeids- og koordineringsevner. God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og engelsk. Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt. Vi kan tilby: Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt. Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling. Løn som rådgjevar etter kode 1363, for tida mellom kr. 650 000 – 700 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Medlemskap i Statens pensjonskasse Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd Fleksibel arbeidstid Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til assisterande fakultetsdirektør Vibeke Irgan, mob 926 03 364, e-post: [email protected] Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga». Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her . Om arbeidsgiveren: Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakulte t og tilhøyrande institutt.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores