About this role
Vil du vere med å skape trivelege og reine kommunale bygg? Er du ein person som trivst med å gjera ein viktig jobb som betyr noko for mange? Likar du å arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og set pris på orden og kvalitet i arbeidet ditt? Då kan dette vere jobben for deg! Årdal kommune søkjer no ein positiv, påliteleg og fleksibel reinhaldar til ei fast heiltidsstilling i reinhaldsavdelinga vår. Som reinhaldar hjå oss vert du ein del av eit fagleg dyktig og inkluderande arbeidsmiljø, der me samarbeider tett for å levera gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Reinhaldsarbeidet er ein føresetnad for god drift i barnehagar, skular og andre kommunale bygg – og bidreg direkte til trivsel, helse og tryggleik. Arbeidsoppgåver Reinhaldsavdelinga har ansvar for reingjering av Årdal kommune sine eigne bygg og eventuelle andre bygg kommunen nyttar i si tenesteproduksjon. Du vil: utføra reinhald etter gjeldande reinhaldsplanar bidra til god kvalitet og effektiv gjennomføring av arbeidsoppgåvene arbeida både sjølvstendig og saman med andre Kvalifikasjonskrav Fagbrev som reinhaldar er ein fordel, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev Førarkort klasse B er påkrevd Personlege eigenskapar Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som: er allsidig, fleksibel og ansvarsbevisst kan arbeida strukturert og sjølvstendig har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø har ei serviceinnstilt haldning og kommuniserer godt med «kundar» Me tilbyr Ein trygg og meiningsfull arbeidsplass i ein viktig samfunnsfunksjon Løn etter gjeldande tariffavtale (reinhaldar eller fagarbeidar) Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilgang til bedriftshytte på Skeikampen Andre opplysningar: - Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. - Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. - Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. - For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !