About this role
Gvarv legesenter er eitt av to legekontor i Midt-Telemark kommune, og ligg sentralt plassert ved Gvarv bru. Legesenteret held til i moderne, lyse og trivelege lokale som gir gode arbeidsforhold for både legar og helsesekretærar. Vi har opningstid frå kl. 08.00 til 15.30 på kvardagar, og fungerer i tillegg som daglegevakt for kommunen. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med eit breitt spekter av oppgåver og pasientgrupper. Ved legesenteret er det seks fastlegar og éin LIS1-lege. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø, tett samarbeid og fagleg utvikling. Hjelpepersonellet rullerer mellom arbeid i resepsjon, laboratorium og skadestove, noko som gir ein variert arbeidsdag og høve til å utvikle brei og allsidig kompetanse. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø som arbeider saman for å gi innbyggjarane i Midt-Telemark gode helsetenester. Vi tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø, spennande faglege utfordringar og moglegheit til å vere med på å utvikle tenestene vidare. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver på laboratoriet: Ta blodprøver og andre laboratorieprøver. Utføre EKG og spirometriundersøkingar. Utføre sårstell og sårskift. Bistå legane i ulike medisinske og administrative oppgåver. Utarbeide og oppdatere prosedyrar og rutinar. Gjennomføre kontrollar og oppfølging av pasientar etter gjeldande rutinar. Handtere andre oppgåver som naturleg høyrer til laboratoriedrifta. Arbeidsoppgaver i resepsjon: Følgje opp og behandle meldingar som kjem inn via Helsenorge. Svare på telefon og handtere innkomande førespurnader. Ta imot og ekspedere pasientar i resepsjonen. Bestille tolketenester, transport (taxi) og andre nødvendige tenester for pasientar. Utføre andre administrative oppgåver knytt til resepsjonsarbeidet. Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Autorisert sykepleier Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B2 nivå) Ønska kompetanse Erfaring frå legesenter er ein fordel Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Glad i å arbeide med menneske Evne til å handtere ein travel og hektisk arbeidskvardag Gode samarbeidsevner og evne til å samarbeide med ulike yrkesgrupper Fleksibel og omstillingsdyktig Evne til å skape tryggleik for pasientar i ulike situasjonar Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver Personlege eigenskapar vektleggast. Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonEli Aaland, Avdelingsleiar, +47 90170836 ArbeidsstadGvarvgata 69 3810 Gvarv Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5169014902 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.09.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.